– Eit spørsmål om det i det heile teke bør opnast for fleire bueiningar på eigedomen

Formannskapet sitt ja til oppføring av ein tomannsbustad i Tonningsbakkane i Stryn har ført til klage frå Statsforvaltaren i Vestland.

Tomannsbustad: Arild Øvreberg fekk dispensasjon til å byggje tomannsbustad på tomta i Tonningsbakkane. No har Statsforvaltaren klaga på kommunen sitt vedtak.   Foto: roy aron myklebust

Nyhende

Arild Øvreberg i Tonningsbakkane søkte om dispensasjon frå reguleringsplanen for fortetta husbygging. I vestre hjørnet av eigedomen, der det no er hage med frukttre, er det planlagt oppføring av ein vertikaldelt tomannsbustad.