– Truleg den einaste som har fått massasje med matolje frå Hjelle Hotel!

Ole Kristian Furuseth treivst godt på Bergesen Cup og under treningsopphalda på sommarskisenteret, og seier dette var ei veldig fin tid. – Det var Stryn og Juvass som gjaldt på denne tida! seier han.

Fornøgd: Ole Kristian Furuseth etter finalen i 1991, godt fornøgd med både sigeren og arrangementet. – Det var Stryn og Juvass som gjaldt på den tida der, seier han til Fjordingen i dag.  Foto: Gunnhild Sindre

Eg er truleg den einaste som har fått massasje med matolje frå Hjelle Hotell!

Nyhende

Ole Kristian Furuseth vann sin første verdscupsiger i 1989, og har OL-sølv i slalåm og VM-bronse i same disiplin. Han vann også verdscupen i storslalåm i sesongen 1989/90.

I dag driv han innan bygg og eigedom, men han har gode minne frå tida som toppalpinist, ikkje minst frå treningsopphalda i Stryn.

– Dei beste åra

– Bergesen Cup hugsar eg godt. Det var mykje moro, seier han til Fjordingen.

– Laget hadde mellom anna motocrossyklar og køyrde på skogsvegar. Vi var også på fisketur med båt, hugsar eg. Stor stas.

Sjølv hadde Ole Kristian Furuseth nyleg slege gjennom som alpinist. Han hadde vunne sine første verdscupsigrar, og fleire skulle kome, både i slalåm og storslalåm.

– Det var dei beste åra mine, seier han.

Den store stjerna

Ein av dei han konkurrerte mykje mot var Alberto Tomba.

Tomba var den store stjerna i alpinsirkuset på denne tida. Han vann to gull i OL i 1988, og nytt gull i OL 1992. Trass i at han køyrde berre to disiplinar, slalåm og storslalåm, vann han også verdscupen samanlagt eitt par sesongar seinare.

Tomba sin manager har gjeve beskjed at han ikkje ønskjer å stille til intervju no for tida, men den gongen let han seg intejvue av lokalavisa, og fortalde mellom anna at han var glad for å få vere i Norge og få litt fred.

– Folk vart heilt galne i Italia etter OL. Eg kan nesten ikkje gå ut, alle skal ha autografar og slikt. Eg får ikkje trene i fred heller, sa han den gongen.

Vart gode «buddies»

Så å trene på sommarskisenteret og køyre Bergesen Cup vart eit fint avbrekk.

Og han kom til finalen i 1991 men der køyrde han ut, og måtte sjå seg slegen av nettopp Ole Kristian Furuseth. Stas for heimepublikummet, som kunne sjå denne nye, norske kometen stige opp på øvste trinnet på pallen.

Og showmannen Tomba gjorde sitt for å gjere det til eit morosamt minne: Han gjorde stort nummer av tydeleg å furte på 2. plassen på pallen.

Men han likte seg godt, kom tilbake og vann også Bergesen Cup seinare.

– Vi vart gode «buddies», seier Ole Kristian Furuseth.

– Han inviterte meg på ned treningsleir i Italia i to veker etterpå. Det var litt av ei oppleving. Han var ei vanvittig stor stjerne. Eg trur ikkje vi betalte ein einaste plass vi åt og drakk under det opphaldet!

Flotte bakkar

– Det var ei fin tid, og vi hadde det veldig bra «på Stryn», seier Ole Kristian Furuseth.

– Det var flotte bakkar å køyre i. Vi brukte å trene mykje der, det var Stryn og Juvass som gjaldt på den tida. Eg hugsar også vi hadde styrkerom på Folven Camping, og så sprang vi derfrå til Hjelle Hotell, der vi budde.

– Ein gong fekk eg massasje ved hotellet, og så hadde laget sin massør gått tom for massasjeolje. Men det ordna seg: Han gjekk berre inn på kjøkenet og tok det han fann. Så eg er truleg den einaste som har fått massasje med matolje frå Hjelle Hotell!


Bergesen Cup, då Ole Kristian Furuseth, Alberto Tomba og andre toppalpinistar herja i løypene på sommarskisenteret:

30 år sidan superstjernene duellerte på fjellet

Med Alberto Tomba i front inntok alpinstjernene Stryn for 30 år sidan.