Briksdalsbre Fjellstove har førebudd seg på ny «norsk» sommar

Trass fråvær av, i alle fall enn så lenge, både cruiseturistar og utanlandske turistar, har Per Briksdal ved Briksdalsbre Fjellstove tru på bra med trafikk denne sommaren.

Ny sesong: Oddrun og Per Briksdal gler seg til ein ny sesong, sjølv om det truleg blir utan cruisegrupper og turistbussar.   Foto: Gunnhild Sindre

Nyhende

– Vi har rigga oss til sommarsesongen, og eg trur det kan bli bra med trafikk, seier Per Briksdal. Han reknar med at trafikken vil ta seg ytterlegare opp når skuleferien tek til.

Ny «norsk» sommar

Briksdal har tru på at mange nordmenn vil ta turen til Briksdalen og Oldedalen denne sommaren:

– Juli i fjor var grei, men sett under eitt hadde vi reduksjon i tal besøkande i fjor. Men i år har vi vore aktive med i ein kampanje inn mot den norske marknaden, og mottakinga har vore god.

Kleivafossen: Godt og avkjølande å gå forbi Kleivafossen på varme sommardagar.   Foto: Roger Oldeide

Kampanje for Oldedalen

Saman med Rogeir Haugen i Oldedalen Skyss fekk Per Briksdal med seg alle turistaktørane i dalen på eit samarbeidsprosjekt der målet er endå meir fokus på heile Oldedalen som turistmål. Også Visit Nordfjord er involvert i kampanjen.

– Oldedalen har massevis å by på. Her er mellom anna mulegheiter for toppturar, og meir familievenlege aktivitetar. Vi vil ha både eventyrlystne og familiar i fokus, seier Per Briksdal og Marita Lindvik i Visit Nordfjord.

Briksdalsbreen: Slik såg breen ut 31. mai 2020.   Foto: Thomas Thaule

Briksdalsbreen populær

Det tek til å bli lenge sidan dei første turistane kom til Briksdalen. Midt på 1800-talet dukka dei første engelskmennene opp. På 1890-talet tok turismen seg opp, og turistane vart køyrde opp til breen i høyvogner.

Fjordhest og vogn vart brukt heilt til tidleg 2000-tal, då tok dei dieseldrivne «trollbilane» over.

Veldig mange vel også å ta beina fatt opp til breen, og den godt tilrettelagde vegen er ein attraksjon i seg sjølv der den svingar seg oppover, forbi Kleivafossen. I fjor vart det også muleg å gå på sørsida av Briksdalselva, i godt tilpassa terreng.

Mange turalternativ

Om ein har lyst til å utforske Oldedalen endå meir, finst det eit «hav» av turmulegheiter. Oldeskaret, Brenndalen, Flatsteinbu og Klovane er berre nokre av mange spektakulære turmål.

Turen frå Briksdalsbre Fjellstove og opp til Briksdalsbreen er gjort unna på ein liten time.   Foto: Thomas Thaule