- Det raraste eg har gjort som skomakar? Bytte vindauge i ein traktor!

I tida før korona var Lisbeth Taklo frå Eid ei av mange som trufast svinga seg på dansegolvet under «Tysdagssvetten» i Markane. Blant dansarane har ho også mange av kundane sine. Lisbeth er nemleg skomakar.

- Det raraste eg har gjort som skomakar? Bytte vindauge i ein traktor! ler skomakar Lisbeth Taklo.   Foto: Gunnhild Sindre

Nyhende

Skomakar Lisbeth Taklo held til i lokala til den tidlegare Randkiosken på Eid. Her har ho kundar frå heile fjorden, mange av dei frå «indre». Ho reparerer hælar, syr nye saumar og byter solar. Bunadsko før og etter 17. mai, dansesko for dansefolket, skisko og børsefutteral for langrenns-, skiskyttar- og skyttarfolket. Og glidelås.