Sett i arresten i Ålesund etter husbråk i Hornindal

Ein mann i 40-åra vart teken med til arresten i Ålesund etter husbråk på ei privat adresse i Hornindal laurdag kveld.

Illustrasjonsfoto  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

Politiet fekk melding om to rusa menn i 40-åra som slåst. Både politi og ambulansepersonell rykte ut til staden. Mannen som var på besøk vert politimeld for truande oppførsel mot ambulanse-tilsette, samt vald mot huseigar. Tumultane skal ikkje ha ført til personskade.

Mannen som var på besk vart teken med til arresten i Ålesund, opplyser politiet på Twitter.