Ni av ti unge vaksne vil ta koronavaksine

Ei ny undersøking frå Folkehelseinstituttet viser at 90 prosent av dei unge er positive til koronavaksinasjon.

Illustrasjonsbilde.  Foto: Gunnhild Sindre

Nyhende

– Norge er no i verdstoppen med tanke på dekningsgrad, og ein høg del av befolkninga ønskjer å bli koronavaksinerte. Det er spesielt positivt at så mange unge ønskjer å vaksinere seg, seier direktør Camilla Stoltenberg i Folkehelseinstituttet (FHI).