Reisefølge påvist korona etter besøk i Stryn

Har vore ei rekkje stadar i kommunen mellom 13. juli og 16 juli.

Koronatest. Illustrasjonsfoto.  Foto: Gunnhild Sindre

Nyhende

Eit reisefølge frå Bergen testa alle positivt på koronavirus etter tur til Stryn. Det melder Stryn kommune.

Reisefølget leigde ei leilighet i Stryn i perioden 13.07 – 16.07.

- Utanom fjellturar var dei innom Stryn Gastrobar torsdag 15.07 i tidsrommet mellom klokka 21 og kl. 23. Fredag 16.07 var dei på restaurant Hoven i tidsrommet 16.00 - 1800 og tok Skyliften ned ca. klokka 18. Dei gjekk via Ferrata opp til Hoven, skriv kommunen.

Definerte nærkontakter blir testa, besøkande som registrerte seg på aktuelle serveringsstader har fått SMS med beskjed om at de kan ha blitt utsett for smitte, opplyser kommunen som poengterar at det er ingenting som tydar på at reisefølget har blitt smitta i Stryn.

- Det er viktig at ein har låg terskel for å teste seg viss ein kjenner på symptom. Ring beredskapstelefonen 57 87 49 29 (man – fre 10.00 – 11.30) for å avtale test, opplyser kommunen.