Sorga bleiknar kanskje, men saknet er like stort

Det finst knapt meir idylliske omgjevnadar enn Flo ein fin sommardag. Det blømer på alle kantar, og utsikta frå huset til Eva og Kolbein Fridtun er ramma inn av bregrønt vatn, bratte fjell, høg himmel og frodige bakkar. Men idyllen står i sterk kontrast til historia til den vesle familien Fridtun. Den 22. juli er det 10 år sidan den svarte dagen då familien på fire vart til tre.

Like sterkt: – Sorga har vel bleikna litt. Men saknet etter Hanne er like sterkt, seier Kolbein og Eva Fridtun. I hagen på Flo har dei planta den nydelege rosa som heiter nettopp Hanne. Rosa fekk dei av den tidlegare soknepresten i Stryn, som har vore ei god støtte heile vegen. 

Nyhende

Hanne Kristine (19), AUF-leiar i Sogn og Fjordane og ein aktiv ungdom innan kulturlivet i kommunen, vart skoten og drepen på Utøya. Tilbake sit foreldre og bror. Kolbein, som jobbar i feiarvesenet i kommunen, er tilbake i full jobb. Eva jobbar innan miljø og velferd i Stryn kommune. Ho vart råda til å gå ned i halv stilling av helsemessige årsaker etter hendingane 22. juli 2011.