Flytta frå Oslo til Stryn

Cora og Martin ville ha eit enklare liv

Strynejenta Cora Dannatt og osloguten Martin Arentz er foreldre til Solveig på sju år og Audun på ti månader. I fjor tok familien farvel med eit hektisk byliv og busette seg på Lunde i Stryn i ein tomannsbustad med ein liten hage. -Her finn vi roa, seier dei.

Glad familie: Bur høgt og fritt på Lunde med utsyn til både fjord og fjell.Cora har ikkje søkt ny jobb endå.Ho ønskjer og jobbe som lærar. Audun (10 mndr.) har fått plass i Vikalida barnehage frå hausten.   Foto: Berit Melheim

Nyhende

-Vi har hatt lyst til å flytte til Stryn lenge, seier Cora. - Eller rettare sagt, eg har hatt lyst, ler ho. -Martin er oslogut, så for han vart nok forskjellen størst. - Eg har berre vore her i feriar, seier Martin. - Det er forskjell på å feriere og bu fast på ein plass. Har alltid hatt interesse for skog og fjell. Og så er eg blitt veldig glad i fjorden. Eg trivst godt sjølv om det er større forskjell på sommar og vinter enn eg er van med.