Geitholmslaget si gjenreiste fiskarstove på Geitholmen:

Fiskarstova som vart ferieparadis

Heilt vest mot havet, på Geitholmen, har utvikarane og innvikarane eit eige ferieparadis. Her har Geitholmslaget bygd opp att den gamle fiskarstova Utvikestova. Alt gjort på dugnad. No ligg ho her og vitnar om viktig kulturhistorie i Nordfjord.

Tradisjon: Geitholmslaget i Vikane har teke vare på viktig kulturhistorie på Geitholmen med Utvikestova, som er bygd opp att der den opprinnelege fiskarstova stod. Alle foto av dagens Utvikestove: Arnt Magne Paulen 

Nyhende

Det var på 1800-talet innfjordingane rodde fiske her ute.