I Stryn er pengebruken størst i landet

Stor pengebruk på norgesferie også i 2021. Stryn toppar DNB sin statistikk

Stryn på topp Nordmenn på norgesferie brukar mykje pengar og i Stryn har pengebruken størst vekst, ifølge DNB sine tal. Her representert av Loen skylift  Foto: Roger Oldeide

Nyhende

Nordmenn på norgesferie brukar mykje pengar også i år. Til no i sommar har kundane til DNB brukt litt mindre pengar utanfor eige heimfylke enn i fjor, men bruken er likevel langt større enn i siste normalår, som var i 2019.