Søndagsopne butikkar under kulturdagane

Statsforvaltaren innfrir søknaden frå Næringslaget i Hornindal.

Arangøren har fått innvilga søknaden om søndagsopne butikkar under Kulturdagane i Hornindal i år.  Foto: Arkivfoto: Roger Oldeide

Nyhende

Hornindal næringslag har søkt om løyve til søndagsopne butikkar 8. august i høve Kulturdagane som arrangerast frå 5.–8. august. Næringslaget, som har fått slikt løyve tidlegare, har grunngjeve søknaden med at kulturdagane har vore arrangert ei rekkje år med kulturelle innslag og aktivitetar for både barn og vaksne og at det er naudsynt at butikkane er opne.