Tilsett i Vest politidistrikt pågripen og suspendert

Ein tilsett i Vest politidistrikt vart tysdag suspendert frå stillinga si etter at vedkomande natt til tysdag vart pågripen og sikta for truslar.

Illustrasjonsfoto  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

Det opplyser Vest politidistrikt i ei pressemelding.

Suspensjonen er gjort med heimel i statstilsett-lova og gjeld med umiddelbar verknad. Tilsetjingsrådet skal handsame suspensjonen i sitt første ordinære møte i august, opplyser politiet. Som ikkje vil gje ytterlegare opplysningar verken om straffesak eller suspensjon.

Statsadvokaten er beden om å oppnemne setjepolitidistrikt, og Rogaland politidistrikt skal overta etterforsking av straffesaka, vert det opplyst i pressemeldinga.