Auka etterspurnad lokalt:

Medvind for bygdesagene

Norsk Bygdesagforening har fått 150.000 kroner frå Vestland fylkeskommune til kompetanse- heving, nettverksbygging og rekruttering.

Leinga: Dagleg leiar i Norsk Bygdesagforening, Inger Marie Svingeset til h. saman med Ragnhild Lunde som har halv jobb i administrasjonen.  Foto: Inge Fænn

Nyhende

– Utruleg viktige pengar for oss, seier dagleg leiar Inger Marie Svingeset. Ho leier ein liten organisasjon med om lag 200 medlemer spreidd over heile landet. Små sagbruk som satsar på nisjeproduksjon, og foredling lokalt.