Treff for ombygde bilar:

Norwegian Explorers Overland Festival 2021 I Lodalen

Sambuarparet Robin Berglid og Iiris Celine Endresen frå Blaksæter, arrangerte ein stor bilfestival på Bøa-øyna i Lodalen. Festivalen vart ein stor suksess, meinar paret.

Festival: Alle aldersgrupper er representert frå barnefamliar til pensjonistar.  Foto: Privat

Nyhende

-Dette er berre ein hobby for oss, seier Berglid. Han jobbar som guide på Svalbard og Island der turane går både med snøscooter og bilar. Iiris er internasjonal fotograf og reiser mykje rundt i verda.