Tek førarkortet etter krasj i tunnel

Føraren sjølv meiner siktinga mot han byggjer på spekulasjonar.

Illustrasjonsfoto  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

Sogn og Fjordane tingrett har gitt politiet medhald i å halde førarkortet beslaglagt for føraren som krasja i Lotetunnelen natt til 8. juni. I følgje siktinga mot mannen, trefte han først tunnelveggen på høgre side, før han kom over i motsett køyrefelt og trefte fjellveggen like utanfor tunnelen. Det oppstod store materielle skader på bilen og personskader.