Høgtideleg og sterk 10-års minnemarkering i Stryn:

22. juli - vi gløymer aldri

Det var eit alvorleg stemd publikum som samla seg stille kring minnestøtta i Betaniaparken medan Galya Radeva spelte Taube sin «Sov på min arm» på klokkespelet.

Personleg: Torbjørn Vereide var svært personleg i talen sin ved minnebautaen i Betania-parken. I bakgrunnen Kolbein og Eva Fridtun, foreldra til avøde Hanne Kristine saman med varaordførar Torstein Tvinnereim som leia markeringa.   Foto: Bengt Flaten

Nyhende

Om lag 200 personar møtte opp for å markere at det har gått ti år sidan terroristen drap 77 menneske i regjeringskvartalet og på Utøya.