Nytt smittetilfelle i Volda

Illustrasjonsfoto.  Foto: Gunnhild Sindre

Nyhende

Volda kommune melder torsdag om eit nytt tilfelle av koronaviruset. Tilfellet skriv seg frå treningssenteret Family Sports Club i Volda sentrum 19. juli.

- Var du på Family Sports Club måndag 19. Juli? spør kommunen.

Vedkomande hadde vore på innanlandsreise og smittekjelda reknast som kjend og skriv seg frå ein annan stad i landet.

- Nærkontaktane er kontakta, skriv kommunen som oppmodar alle som var på Family Sports Club måndag ettermiddag og kveld om å teste seg og å ha låg terskel for det om dei får symptom.