Nye smittetilfelle i Stryn og Volda:

Turfølge testa positivt

Eit turfølge har testa positivt på korona etter gjennomreise i Stryn.  Samtidig melder også Volda kommune torsdag kveld om eitt nytt smittetilfelle.

Eit turfølge har testa positivt på korona etter gjennomreise i Stryn. Kommunen ber folk ha låg terskel for å teste seg om ein kjenner på symptom.  Foto: Sigrid Heggestad

Nyhende

Turistane som var på gjennomrese i Stryn budde på hytte i kommunen og søndag 18. juli var dei på Kjenndalstova i tidsrommet kl. 16.30 - 18.00.

- Definerte nærkontakter blir testa og besøkande som registrerte seg på aktuelt serveringssted har fått SMS med beskjed om at dei kan ha blitt utsette for smitte. Det er ingenting som tyder på at dei vart smitta i Stryn, skriv kommunen.

Som minner om at det er viktig at ein har låg terskel for å teste seg dersom ein kjenner på symptom.

Ukjend smittekjelde

Volda kommune melder torsdag kveld at smittekjelda førebels er ukjend i samband med det nye smittetilfellet i kommunen. Nærkontakter er kontakta. Det er ikkje mistanke om at vedkomande har relasjon til andre smittetilfelle. Prøven vert sendt til vidare analyse, opplyser kommunen.