- Dei fleste er glad for at det er deira tur

Dei alle fleste over 18 år skal ha fått første vaksine eller fått tilbod om vaksinetime både i Stryn og i Volda.

Vaksinering: – Det er ein del som ikkje møter til tildelt time, difor det har gått fort med dei siste prioriteringsgruppene, seier informasjonskonsulent i Volda kommune, Bente Engeseth til Fjordingen. Her frå vaksineringa i den gamle Voldahallen torsdag.  Foto: Roger Oldeide

Nyhende

Sjølv om mange no er vaksinert er det framleis smitte i samfunnet. Torsdag meldte både Stryn og Volda om nye smittetilfelle og begge kommunane ber innbyggjarane sine om å ha låg terskel for å teste seg om ein kjenner på symptom.