Frikk Hugo Bø Nesje:

Gav USA hjelp til å stake ut ny klimapolitikk

Frikk Hugo Bø Nesje frå Oppstryn bidreg til klimaløysingar med forskinga si, men seier sjølv at han ikkje er ein klimaaktivist.

Stor merksemd: Frikk Hugo Bø Nesje har fått mykje merksemd for doktorgradavhandlinga si om korleis ein skal ta hensyn til framtidige generasjonar.  Foto: Stine Fjellkårstad

Nyhende

Doktorgradsavhandlinga tek føre seg fordelinga av natur og ressursar mellom generasjonane. Han forklarer at dette både er eit spørsmål om samfunnsøkonomisk effektivitet, men også eit meir filosofisk eit om rettferd. Dette arbeidet er han tildelt prisar for. Både frå den europeiske foreninga for miljø- og ressursøkonomar, men også Hans Majestet Kongens gullmedalje.