LEIAR

Kunnskapen om 22. juli må nå dei nye unge

Ca 200 hadde møtt fram til 10 års minnemarkering etter terrorangrepet 22. juli 2011, der Hanne Kristine Fridtun var ein av 77 drepne.  Foto: Bengt Flaten

Samfunnet må stå samla i kampen mot høgreekstremistiske haldningar

Nyhende

Landet rundt vart det arrangert minnemarkeringar på tiårsdagen for terrorhandlingane mot regjeringskvartalet i Oslo og mot AUF sin sommarleir på Utøya. 77 menneske måtte bøte med livet som følgje av terroristen sine grufulle handlingar. Eit stort tal menneske vart i tillegg skadde og prega for livet. Endå fleire pårørande sit tilbake, anten med sorg og sakn etter sine som aldri kom tilbake, eller som støttespelarar til overlevande som er prega av det fæle dei måtte oppleve. Også dei som overlevde terrorhandlingane 22. juli 2011 er prega av det dei var utsette for.