Klar tale frå Bondelaget:

– Politisk ansvar å sikre norsk matproduksjon

– Innvik er eit godt døme på utvikling og framtidsretta bønder, sa leiaren i Vestland Bondelag, Anders Felde ved opninga av temadagen om landbruk i Innvik måndag.

Politikarmøte: Frå venstre leiaren i grøntutvalet i Vestland Bondelag, Kari Sigrun Lysne, bondelagsleiar Anders Felde, Geir Oldeeide, Rødt, bærdyrkar Roar Frøholm, styreleiar i Innvik Fruktlager, Steinar Dvergsdal, William Dalsbø, KrF, Sven Flo.Høgre, Hege Lothe, SV og Emma Berge Ness, Sp samla i hagen på Frøholm.  Foto: Inge Fænn

Nyhende

– Bondelaget ynskjer ein tettare dialog med politikarane, og har lagt opp til fire temadagar med informasjon om norsk landbruk. Dei legg opp til kunnskapsbygging og uformell dialog, og Felde understreka at politikk er avgjerande for å sikre framtida.