Smitte i Stad

Nyhende

Ein ny person er sett i isolasjon i Stad kommune etter påvist smitte med covid-19, det melder Stad kommune laurdag.

Personen testa seg torsdag etter opplysningar om nærkontakt med ein smitta i Oslo før vedkomande reise hit.

Ein nærkontakt er sett i karantene. Smittesporinga er avslutta, melder kommunen.