Med Rolf Taraldset som lærar:

Ferie betyr treskjerarkurs i Hornindal

Like sikkert som då kalenderen viste juni, opna Rolf Taraldset dørene for kurs i treskjering i Hornindal. I år er det 31. året.

Modellen: Arild Kvalvik i ferd med å fullføre tiuren i tre.  Foto: Inge Fænn

Nyhende

I år var det sett av tre veker for til saman 15 deltakarar frå ulike delar av landet. I tillegg vert det helgekurs til hausten. Nokre av deltakarane er veteranar, andre er nybyrjarar i faget. Felles for alle er at dei er interesserte, og veit at Taraldset er beste læraren dei kan få.