Voksne for barn:

Gler seg til å fylle uteområde med barnefamiliar

Eit brennande ynskje om å gje andre gode opplevingar, integrering og nettverksbygging driv Voksne for barn til å arrangere familieleirar på Nordsida.

Betydningsfullt: – Det er kjekt å gjere frivilleg arbeid når ein ser kor mykje det betyr for så mange, seier Ingeborg Bø EImhjellen og Jolanta Daruliene seg einige. Dei gler seg til å bruke både Sagedammen, Demmene og Nordfjord Fritidssenter til aktivitet for born og unge. 

Nyhende

Voksne for barn sitt lokallag i indre Nordfjord har i fleire år jobba for og støtta born og bornefamiliar. Kurs for foreldre med engstlege born, ungdom med minioritetsbakgrunn og helgesamling for litauarar med psykolog, er blant tilboda Voksne for born har stelt i hop.