– Loen sentrum bør ha 50-sone med gangfelt

Geir Hellerslien meiner Loen sentrum er direkte trafikkfarleg for dei mjuke trafikantane

- Direkte trafikkfarleg – Folk kryssar vegen gjennom heile sentrum og eg fryktar påkøyrsler av mjuke trafikantar, seier turisten Geir Hellerslien.  Foto: Roger Oldeide

Nyhende

Det kan av og til vere godt å få friske auge utanfrå, og turisten Geir Hellerslien frå Tysvær i Rogaland veit å seie frå om det han ser. For andre året på rad ferierer han nokre veker i Loen og i år som i fjor såg han store folkemengder på begge sider av fylkesvegen i vesle Loen sentrum.