Møre og Romsdal tingrett har dømt Matias Lunde til å betale erstatning:

Braut gyldig jordleigeavtale

Etter at Matias Lunde kjøpte garden til Undis Nortun Vellene i 2018 har det vore ei rekkje tvistar knytt til salet. Nyleg fastslo Møre og Romsdal tingrett at jordleigeavtalen med Eline Fannemel er gyldig. Det kostar Lunde over 300.000 kroner.

Gyldig: Møre og Romsdal tingrett har funne jordleigeavtalen som Eline Fannemel inngjekk med førre eigar, gyldig. Den gjeld til 2027.  Foto: Roy Aron Brenvik Myklebust (arkiv)

Nyhende

Det var våren 2018 at Matias Lunde inngjekk avtale med Undis Nordtun Vellene om kjøp av nabogarden på Lødemel i Hornindal. Det vart også starten på ei lang rekke tvistar. Kort tid etter gardskjøpet oppstod det usemje mellom Lunde og Vellene om kjøpesummen. Taksten viste ein million, medan Lunde og Vellene avtalte ein kjøpesum på 1.250.000 kroner. Vellene var derimot misnøgd med prisen og meinte denne framleis var urimeleg låg, og gjennom advokat gjorde ho gjeldande at avtalen var ugyldig. Det vart reist søksmål, men partane kom etter kvart til forlik der kjøpesummen vart justert til 1.300.000 kroner.