Faleide skulemuseum - del 3

Kva er det som skjer oppe i Utigard? Det er blitt så mykje rek etter vegen opp dit, i det siste! Jau, Stryn kommune byggjer skulemuseum i Faleide skulehus! Tar igjen heile huset, og fyller det opp med gamle skuleting.

For læraren: Lærartilfang.  Foto: Kåre Nygård

Nyhende

Ja, nettopp, tar igjen! Frå kjellar til loft, og uthus til utedo. For jenter og gutar. Taket her måtte byggast nytt. Ekte gammaldags raud pannestein blei henta ned frå Haugen, med kommunen sin Toyota HiAce. Og nytt kjøken er det blitt, frå botnen av. Med vatn i slange frå øvste høgda, og utløp. Med skuffer og skap og fyllingsdører. Fyllingar fekk ein gratis frå Moelven i Utvik, og samanfresinga utført i sløydsalen på Tonning skule. Men ferdige trekvite skuffer måtte ein lenger ut i fjorden for å finne. Ein skulle då servere varme pølser til opninga!