Testa positivt etter ferieopphald i Stryn

Ein ny person har testa positivt på covid-19 etter ferieopphald i Stryn kommune.
Nyhende

Den smitta budde på Hotel Alexandra 23.-24. juli. På ettermiddagen 24. juli var personen innom nokre lokale butikkar i Stryn sentrum. Det er ikkje mistanke om at vedkomande blei smitta i Stryn. Det er ikkje registrert nærkontaktar i kommunen til dette smittetilfellet, opplyser kommunen i ei pressemelding.

- Stryn kommune har mange turistar og besøkande desse sommarvekene. Dei siste vekene har vi fått beskjed om fleire personar som har testa positivt på covid-19 kort tid etter heimreise. Dette fører til auka smittefare, særleg i kommunen sine butikkar, bensinstasjonar, serveringsstadar og populære turmål.

Vi minner derfor om viktigheita av å halde avstand, ha få nærkontaktar, ha god handhygiene, samt halde seg heime og teste seg ved symptom på sjukdom, skriv kommunen.