Naboane til tømmestasjonen ønskjer skiljevegg:

Dritdårleg utsikt

– Vil du sitje ved kjøkenbordet ditt å sjå på folk som tømmer doane sine dagen lang? spør Gunnvor Romsøe som meiner det er ei enkel løysing på det sjenerande problemet ved den kommunale tømmestasjonen.

Dritdårleg utsikt: Saman med Stryn Taxi er Gunnvor Romsøe næraste nabo til den kommunale tømmestasjonen i Stryn sentrum. Både ho og taxisentralen ønskjer ein levegg/skiljevegg som hindrar den sjenerande aktiviteten som går føre seg heile dagen. – Det er nok like sjenerande for dei som står å tømmer også, seier Romsøe.  Foto: Roger Oldeide

Nyhende

– Her ser du kva eg blir sitjande å sjå på, seier Gunnvor Rømsøe og peikar ut kjøkenvindauget frå Rognehaugen 1 ved Stryn Taxi. Stikkordet for utsikta er dotømming.