Avlyser kulturdagane i Hornindal

Kulturdagane i Hornindal neste helg er avlyst. Årsaka er den kraftige oppblomstringa av korona i Volda og Ørsta siste dagane.

Hornindal Næringslag tok fredag kveld den tunge beslutninga om å avlyse årets kulturdagar. Årsaka er den eksplosive auken i tal koronatilfelle i Volda og Ørsta dei siste dagane.  Foto: Hornindal næringslag

Nyhende

- Næringslaget var samla til møte fredag kveld der vi drøfta situasjonen etter den ekstreme smittespreiinga i Volda og Ørsta siste dagane. Med eit så stort og allsidig program vi hadde lagt opp til, ville mykje folk blitt samla på Grodås torsdag til søndag. På programmet vårt stod blant anna konsert med Sigvart Dagsland torsdag og konsert og fest med to ulike band i Groparken fredag og laurdagskvelden. Dette berre for å nemne noko. Med den eksplosive smittespreiinga vi har sett siste dagane, ville det vore nesten utenkjeleg om vi hadde klart å gjennomføre arrangementet utan at det førte til nye smittetilfelle. Difor ville det vere uansvareg å gjennomføre kulturdagane. Risikoen vart alt for stor, for alle, seier Kjetil Grodås, leiar i Hornindal næringslag.