VM-sølv til Espen Fadnes og Amber Forte

Paret Espen Fadnes og Amber Forte, busette i Loen, tok VM-sølv i vingedrakt (wingsuit) i Sibir torsdag.

Sølv: Espen Fadnes og Amber Forte, begge busette i Loen, tok saman med Andreas Håland Hemli (t.v.) VM-sølv i vingedraktflyging i Sibir.  Foto: Privat

Nyhende

- Det var ein tett konkurranse der vi kjempa mykje mot Sveits og Tyskland. Til slutt var Sveits sterkast og drog i land sigeren. Vi var faktisk best på fem av sju hopp, men vi tapte grunna eit svakt hopp nummer to, seier Fadnes til Fjordingen.