Kampen trengde litt magi - og magi vart det

Stryn spelte etter kvart ball i hatt med gjestane frå Kaupanger då laga møttest til kamp i Kretsligaen laurdag.

6-0: Sondre Holmlund Ørjasæter hadde ein stor kamp for Stryn. Her gjer han 6-0 etter godt forarbeid frå John-Erlend Bø.  Foto: Thomas Thaule

Nyhende

For den første halvtimen var det ikkje mykje å skrive heim om. Stryn skapte lite, og tankane gjekk meir og meir i retning av kaffi og vafler i kiosken. Bortelaget gjekk for same taktikk som Bremanger prøvde på i sist heimekamp, nemleg å ligge lågt og kompakt og håpe på overgangar.