Heidersteikn til Lien og Rossetvik:

- Var ikkje førebudd på dette

To personar i Stryn fotball vart heidra i pausen av Kretsligakampen mellom Stryn og Kaupanger laurdag.

Heidra: Jarle Lien og Evy Mariann Rossetvik fekk heider av fotballkretsen.  Foto: Thomas Thaule

Nyhende

Evy Mariann Rossetvik fekk fotballkretsen sin Blå diplom for sitt sterke engasjement i fotballgruppa i Stryn, både som trenar og leiar i mange år. Ho har også hatt fleire verv på kretsnivå.