Utfordrande trenarkabal i Stryn handball:

– Vi treng fleire som kan bidra

Ein liten månad før seriestart står fleire av laga til Stryn handball framleis utan trenarar. – Vi ønskjer fleire som kan bidra i klubben, seier sportsleg leiar Rigmor Nesje.

Treng trenar: Stryn sitt 4. divisjonslag manglar trenar. Enn så lenge har Oddny Grete Njøten (t.h.) teke på seg å leie treningane. Ho har hatt ansvaret dei siste sesongane.  Foto: Thomas Thaule

Nyhende

Handballgruppa har vore i kontakt med fleire som kan vere aktuelle som trenarar, men utan å lukkast. Fleire av laga, og spesielt dei eldste, står framleis utan trenarar før sesongen startar med kampar i september.