Kongleriket Miniputt Nordfjord:

- Ingen problem, seier einaste jenta på laget

- Mange vil heller drive med turn, seier Live Victoria (8) som einaste jente på Olden sitt G9-lag

Einaste jente på laget - Ingen problem, seier Live Victoria (8) som spelar på Olden IL sitt Gutt 9-lag. Her er ho med mor og lagtrenar, Helene Jørgensen  Foto: Roger Oldeide

Nyhende

"Lokaloppgjera" stod i kø på Stryn stadion søndag der heile 67 miniputtlag frå åtte ulike klubbar i Stryn og Gloppen deltok under årets første Kongleriket turnering i Nordfjord.

Ei av dei som var i aksjon på kunstgraset var 8-åringen Live Victoria frå Olden IL. Ho er einaste jente på Olden sitt G9-lag, men heng ikkje etter av den grunn.

- Nei, ingen problem det. Det hadde vore kjekt med fleire jenter på laget, men mange vil heller drive med turn enn med fotball, seier Live Victoria.

Girlpower Live Victoria (8) i aksjon for Olden IL, her mot gutane i Vikane IL  Foto: Roger Oldeide



Ho er ekstra glad i å spele fotball, akkurat som mor si som endatil er trenar for laget.

- Olden er ei lita bygd, så det er begrensa kor mange jenter som kan rekrutterast, men vi har absolutt plass til fleire, seier trenaren Helene Jørgensen.

Olden IL G9 F.v. Hans Brede, Daniel, Nils Olav og Oskar. Framme sit Simon, Elias og Live Victoria.  Foto: Roger Oldeide



Dette var den første utgåva av Kongleriket Nordfjord i år. Det pleier å vere fire slike turneringar pr. år, men i fjor vart det ikkje arrangert i det heile grunna pandemien. Deltakinga blant spelarane i alderen 6 til 9 år var kanskje desto betre i år.

- Ja, oppmøtet her i dag er svært bra og det er geledeleg å sjå. Det er nok mange som har sakna denne turneringa, så er vi ekstra heldig med veret og, seier turneringsvert John Os i Stryn T & IL.

Heimebane Her er det Stryn som nesten scorar mot gjestane frå Breim  Foto: Roger Oldeide

Vikane IL G9 Her er laget representert av f.v: Kacper, Michael, Torje, Magnus, Stian og Ruben  Foto: Roger Oldeide

Eitt av Stryn T&IL sitt J8 lag F.v: Josefine,Bethel, Ingrid, Martine og Lotte  Foto: Roger Oldeide

Hornindal IL Hornindal IL var representert med fem ulike lag søndag. Her G9 laget med f.v: Ola Gunnar, Aleks, Jakub og Joakim. Framme sit Johannes, Elling og Antanas  Foto: Roger Oldeide

Stryn T&IL Trass fire strake tap er stemninga på topp for f.v: Andreas, Trym, Jacub, Emil, Viljar Timian og Luka (liggande)  Foto: Roger Oldeide