Fannemel klar for sin første konkurranse:

- Ein kan vel kalle det eit slags comeback

Klar: I helga deltek Anders Fannemel i konkurranse for første gong på over to år. Her frå i sommar då han kunne nyte nokre feriedagar heime på Fannemel i Hornindal.   Foto: Thomas Thaule

Nyhende

Komande helg er det klart for norgescup og plastmeisterskap i Lysgårdsbakken på Lillehammer. Og for første gong på over to år stiller Anders Fannemel med nummer på brystet. Han har ikkje delteke i hoppkonkurransar sidan det skjebnesvangre hoppet i Wizla i juli 2019, der han fall og pådrog seg ein alvorleg kneskade.