Comeback på rekke og rad då Stryn møtte Balestrand:

- Må vere 15 år sidan eg var aktiv

Stryn tok sesongens første siger i 3. divisjon fotball då Balestrand vart send heim med 0-6 i bagasjen. Men like viktig var det å få eit knippe veteranar varme i trøya.

Comeback: Monica Beate Hesjedal meinte det var 15 år sidan sist ho var aktiv fotballspelar. Likefullt bidrog ho til ein solid heimesiger mot Balestrand.  Foto: Thomas Thaule

Nyhende

Stryn har levert sju-åtte spelarar til klubbar i høgare divisjonar siste sesongane. Dermed har trenar Are Njøten hatt ein særs ung spelarstall. No har han børsta støvet av gamle ringrevar, og i kveldens kamp leverte dei veldig bra, så lenge kreftene heldt.