Stryn kommune:

Omklassifiserer privat veg

Kommunedirektøren tilrår at kommunen overtek den private vegparsellen ved Stryn Vinterski, men vil vente med å overta «øvre trase» til Tindefeltet.

Omklassifiserast: Vegparsellen i blått, langs parkeringsplassen ved Stryn Vinterski, er i dag eigd av Klemet Bø, men Stryn kommune vil ta over parsellen vederlagsfritt. Avtalen er allereie signert av eigar.  Foto: Stryn kommune

Nyhende

Torsdag skal sektorutvalet for tekniske saker i Stryn ta stilling til om kommunen skal ta over vegparsellen vest for parkeringsplassen ved Stryn Vinterski. Klemet Bø, som eig vegen i dag, har allereie signert på at kommunen kan ta over vegparsellen vederlagsfritt.