Andreas Solvik (63) pensjonerar seg:

No får han styre tida si sjølv

Tysdag hadde Andreas Solvik sin siste dag på jobb i Toyota Nordfjord sine lokale på Rise. Vi tok ein prat med den røynde bilseljaren.

Med handa på rattet: Andreas Solvik gir seg etter 40 år i arbeidslivet og 31 år i bilbransjen. No ventar meir friluftsliv med jakt og fiske, fjellturar og hytteturar for 63-åringen.  Foto: Roger Oldeide

Nyhende

Når Fjordingen kjem innom har Andreas Solvik akkurat selt sin siste bil, i alle fall som seljar på fulltid. Kor mange bilar han har selt sidan han begynte i bransjen for Karstad Stryn AS i 1990, har han ikkje tal på.