Eitt steg opp på sigerspallen for Fannemel

Laurdag gjorde Anders Fannemel konkurransecomeback med 3. plass i plastmeisterskapet i hopp, normal bakke, på Lillehammer. Søndag vart det endå eitt steg opp på sigerspallen.

2. plass: Anders Fannemel (t.v.) vart nummer to i plastmeisterskapet, stor bakke, på Lillehammer søndag. Benjamin Østvold tok sigeren, medan Anders Ladehaug, med slektsband til Stryn, tok tredjeplassen.  Foto: Stig Seljeset

Nyhende

Søndag var det storbakken som gjaldt for Fannemel, og honndølen kunne notere seg for helgas andre pallplassering.