Stryn leika seg til siger

Sogndal vart ingen målestokk for Stryn då laga møttest i saftbygda søndag.

7-0: Alida Bruland og Stryn sitt damelag i fotball hadde få problem med å sette Sogndal på plass.  Foto: Thomas Thaule (arkiv)

Nyhende

Stryn stilte utan veteranane som gjorde comeback i førre kamp, men 3. divisjonsoppgjeret på Fosshaugane Campus var for lengst avgjort til pause. Då stod det 5-0 til Stryn etter scoringar av Olivia Vollsnes Wemby (2), Malin Eikenes Tjellaug (straffe), Emma Dorthea Lødemel og Selma Guddal Breivik.