Gode Vegar AS:

Ber om fokus på reguleringarbeidet for ny Strynefjellstunnel

– Vi får ikkje løyvd ei einaste krone til bygging av ny strynefjellstunnel før vi har ein godkjend reguleringsplan, poengterer Gode Vegar AS.

Manglar godkjend arealplan: Stryn kommune har ikkje godkjend arealplan med m.a deponiareal for tunnelmasse og linjeval for ny rv 15 strynefjellstunnel. – Uproblematisk, meiner kommunen.  Foto: Fjordingen

Nyhende

Pådrivarselskapet Gode Vegar AS ønskjer ein gryteklar reguleringsplan for ny strynefjellstunnel så snart som mogleg. Dagleg leiar Svein Sunde opplyser til Fjordingen at både Skjåk og Stranda kommunar har lagt inn både rv 15-linja og areal for deponi i sine arealplanar.