Svanhild skal flytte frå Grodås

Dyrebeskyttelsen Norge har bestemt at Svanhild skal flyttast frå Hornindal til Austlandet for å finne seg ein make. Dato for henting er sett.

På flyttefot: Svanhild var tilbake ved kaiområdet på Grodås for første gong sidan slutten av juli. Ho veit det nok ikkje sjølv, men snart skal den einsame svana flytte frå bygda.  Foto: Bengt Flaten

At Svahild får sosialisere seg med andre svaner og finne seg ein make, er nok til det beste for ho

Jan Valheim – Veterinær
Nyhende

– Dyrebeskyttelsen meiner det er til Svanhild sitt beste å bli flytta til eit habitat med andre svaner, med håp om å finne ein make til ho, seier veterinær Jan Valheim til Fjordingen.