15 dagar fengsel for råkøyring på E39

Bilføraren i 50-åra blei tatt i 137 km/t på E39 i Austefjorden i Volda kommune. No er han dømd til 15 dagar fengsel.

Kvivsvegen: Mannen i 50-åra må sone 15 dagar i fengsel etter å ha køyrd 137 km/t på E39 Kvivsvegen.   Foto: Bengt Flaten (arkiv)

Nyhende

Ein onsdagskveld i august i år blei voldingen i 50-åra tatt i ein fartskontroll på E39 i Austefjorden. Fartsmålinga viste at han køyrde i 137 km/t i 80-sona på staden.