Visnes Industripark kan bli stort opplevingssenter med badeland

Dersom alt klaffar, kan Stryn om nokre år få eit stort opplevingssenter innehaldande badeland, konsert- og utstillings-lokale og mykje meir.

M2 Stryn: Frå venstre Geir Egil Roksvåg, Knut Løvdal Stauri, Anita Vinsrygg, ordførar Per Kjøllesdal og Terje Bjerkan ved Visnes Industripark. Området som utgjer 18 da kan bli bygd om til eit stort opplevingssenter innehaldande badeland, konsert- og utstillings-arena, butikkar, kafear.  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

Det starta som ein ide under koronavåren 2020. Ideen har utvikla seg til stifting av selskapet M2 Stryn AS, der eitt av fleire mål er å etablere eit heilårs opplevingssenter i stor målestokk.