Nils-Petter Hauge, styreleiar i LEVE Sogn og Fjordane:

- 10. september er verdsdagen for sjølvmordsførebygging

Nyhende

Den 10. september er verdsdagen for sjølvmordsførebygging. Det er LEVE (Landsforeininga for etterlatte ved sjølvmord) som har ansvaret for å gjennomfør den nasjonale markeringa i Noreg.

Det globale mottoet for markeringa i 2021 er: «Å skape håp gjennom handling». I tillegg har LEVE etablert eit gjentakande nasjonalt bodskap som årleg blir knytt til det globale mottoet: «Vis at du ser. Vis at du lyttar. Vis at du bryr deg».

I Sogn og Fjordane vil dagen bli markert med lystenning, appell og musikalske innslag i Stryn (Per Bolstad Plass) og Askvoll (Bøparken). Vi vonar mange vil stille opp og delta i markeringa og slik støtte arbeidet for å redusere dette store og alvorlege samfunnsproblemet.

LEVE er for menneske som er etterlatne eller berørt av sjølvmord. I tillegg til å vere ei trygg hamn for sine medlemar, ønsker mange av desse å nytte si tapserfaring i det førebyggande arbeidet. Dei har erfaringar dei ønsker ingen andre skal måtte oppleve. I mange samanhengar løftar denne gruppa fram, saman med fagfolk, ønsket om at menneske som har det vanskeleg og smertefullt skal få den hjelpa dei treng for å stå i og kome gjennom livskrisa. Å ikkje orke å leve er ei brutal utfordring for den det gjeld og dei næraste. Også for fagfolk er det å handtere spørsmål om liv og død noko som utfordrar. Heldigvis finst det hjelp. Mange har fått hjelp. Mange lever gode liv etter sine livskriser. LEVE ønsker å minne oss alle om at gjennom handling, gjennom støtte, gjennom samtalar og oppfølging av profesjonelle hjelparar og vener/familie, blir mange betre og friske. Ikkje alle blir kvitt sjukdomen, men lever levelege liv.

Til deg som slit: Søk hjelp – ikkje ta val med alvorlege konsekvensar – del dine tankar med nokon snarast og tidlegast mogleg. Til deg som hjelpar: di stemme kan bety alt. Di handling kan bety alt. Om du er uroa – sei det til vedkomande. Gje dei mot og krefter til å oppsøke hjelp.

LEVE har bestemt at organisasjonen sitt viktigaste bidrag i det sjølvmordsførebyggande arbeid generelt er å jobbe for at «Alle som har det så vanskeleg at dei ser på døden som einaste løysing, skal kjenne seg trygge nok til å vere opne og få den hjelp dei treng for å leve videre». Dette står også heilt sentralt ved alle nasjonale markeringar av Verdsdagen for sjølvmordsførebygging i LEVE sin regi. Organisasjonen sin overordna bodskap er: «Du høyre til. Du har betydning».

La oss stå saman i dette samfunnsarbeidet. I 2020 enda 639 menneske livet sitt. Vi må jobbe dagleg og i fellesskap for å fremje livsvona til flest mogleg medmenneske. Berre slik kan vi «skape håp gjennom handling». VIS AT DU SER. VIS AT DU LYTTAR. VIS AT DU BRYR DEG.

Nils-Petter Hauge

Styreleiar, LEVE Sogn og Fjordane