LEIAR

Bussfabrikk kan bli badeland og opplevingssenter

M2 Stryn: Frå venstre Geir Egil Roksvåg, Knut Løvdal Stauri, Anita Vinsrygg, ordførar Per Kjøllesdal og Terje Bjerkan ved Visnes Industripark. Området som kan bli bygd om til eit stort opplevingssenter innehaldande badeland, konsert- og utstillingsarena, butikkar, kafear.  Foto: Bengt Flaten

Eit heilårs opplev-ingssenter på Visnes vil bli endå eit bidrag til å setje Stryn på kartet

Nyhende

Visnes Industripark har i fleire tiår vore synonymt med buss-produksjon i Stryn. Går det som offensive næringslivsaktørar håpar på, kan heile industriparken bli bygd om til eit stort opplevingsssenter innehaldande badeland, konsert- og utstillingslokale og mykje meir. Fullt utbygd vil eit slikt konsept bety investeringar i mange hundre millionar-klassen. Kort sagt; det største utviklingsprosjektet i Stryn kommune sidan utbygginga av Hoven og Loen Skylift.