Fannemel med internasjonalt comeback

Anders Fannemel skal i aksjon i Østerrike til helga.  Foto: Stian Lysberg Solum, NTB

Nyhende

Anders Fannemel deltek under helgas COC-renn i Bischofshofen. Det blir honndølen si første deltaking i internasjonale renn sidan han pådrog seg ein alvorleg kneskade sommaren 2019.

Fannemel gjorde nasjonalt comeback førre helg, med andre- og tredjeplass i plastmeisterskapen i Lysgårdsbakken på Lillehammer.


Hopparen frå Hornindal er ein av seks norske hopparar som skal i aksjon. Dei andre er Benjamin Østvold, Andreas Granerud Buskum, Anders Ladehaug, Fredrik Villumstad og Bendik Jakobsen Heggli.

- Eg er nok litt ekstra spent, men gler meg til å få testa nivået internasjonalt. Så håpar eg også at det er høgt nok til å reise heim med ei god jkjensle, seier Fannemel i ei pressemelding.